Publisert 22.10.2020
– Dette er ein stor dag for oss, seier dagleg leiar Thomas Falch Eide I Hjelpemiddelpartner. Gründeren på Sandane har inngått samarbeid med Pensjonistforbundet, ein av landets største organisasjonar.
I 2017 fekk Hjelpemiddelpartner støtte frå Innovasjon Norge, for å satse på velferdsteknologi og innovative løysingar til helsevesenet. På tre år har bedrifta etablert seg som ein innovatør på den norske hjelpemiddelmarknaden, og dei har tidobla omsetninga. I dag leverer dei hjelpemiddel til alle landets hjelpemiddelsentralar og institusjonar, og har lansert ei rekke nye løysingar som set søkelys på aktivitet og sjølvstende for brukarane.

ENKLARE KVARDAG: – For oss er det viktig å kunne gje brukarane ein enklare kvardag og at fleire kan greie seg sjølve, seier Ingeborg Ødven og Thomas Falch Eide, som er svært glade for å ha landa ei viktig samarbeidsavtale med Pensjonistforbundet.
250.000 medlemmer
At dei no har fått ei eksklusiv samarbeidsavtale med Pensjonistforbundet, med sine nær 250.000 medlemmer og heile 759 lokallag, er stort for Sandane-bedrifta. Dei kjem då i godt selskap med kjende aktørar som Toyota, BMW, Apollo, Hurtigruten og ContinYou.
– Avtala er i tråd med begge partar sine verdiar og ønskje om at alle skal få høve til å leve eit aktivt liv og bli inkludert i samfunnet. At Pensjonistforbundet satsar på eit ungt gründerselskap i distriktet, viser kor framoverlente og modig denne organisasjonen er. Dei eldre har for lengst tatt inn over seg at helseteknologi er viktig for vår framtidige velferd. Som organisasjon er dei sprekare enn nokon gong, og dei er ein ivrig pådrivar for å satse på helseteknologi i Noreg, slår gründer og ergoterapeut Falch Eide fast. Kor stor verdi den kan ha er vanskeleg å stipulere, men det vil vere med på å sikre dei fire-fem arbeidsplassane og vonleg stimulere den fine utviklinga vidare.
Også Pensjonistforbundet er glad for avtala:
– Vi er godt nøgde med å få Hjelpemiddelpartner med som samarbeidspartnar. Dette for å kunne gje medlemmane høve til å kjøpe kvalitetsprodukt innan velferdsteknologi til rabattert pris, og høve til å påverke leverandør på utvikling av ulike delar av sortimentet. Vi ser fram til eit konstruktivt samarbeid der det enkelte medlems interesse står i fokus, seier generalsekretær Harald Olimb Norman i ein kommentar.
Nå ut til dei som treng det
For Hjelpemiddelpartner er avtala ein milestolpe.
– Dette gjev oss høve å kommunisere med ei svært viktig målgruppe. Vi vil samarbeide tett rundt undervisning av velferdsteknologi og ei rekke kurs framover, seier Falch Eide. Pensjonistforbundet arbeider aktivt med eldrepolitikk og er engasjert i viktige samfunnsoppgåver innan helse. Dei har høg kompetanse og driv eit aktivt arbeid i heile Noreg innan velferdsteknologi.
– Våre løysingar kan gjere ein storskilnad i kvardagen for mange av medlemane. Som ein kommersiell aktør er det viktig for oss å nå ut med våre løysingar til dei som treng det, det hjelper ikkje å sitje på gode løysingar når folk ikkje veit om dei, slår Falch Eide fast. Hjelpemiddelpartner har vore med å utvikle fleire spennande produkt. Eit døme er utviklinga av den einaste løftestolen i verda, som kan hjelpe eldre og uføre til å reise seg sjølv utan motorar eller fjernkontroll. På sosiale medium har videoen av løftestolen vorte vist nær 1 000.000 gongar.
Populær nettbutikk
Då landet stengde ned i mars, var det fleire eldre og folk med funksjonsnedsettingar som vende seg til bedrifta på Sandane. Mange vart meir isolerte, og behovet for å greie seg sjølv endra seg dramatisk. Pandemien gjorde også sitt til at dei utvikla nettbutikken sin betydeleg. No kan medlemane i Pensjonistforbundet handle enkle hjelpemiddel til spesialpris i denne nettbutikken.
– Vi fokuserer hovudsakleg på løysingar som gjer at fleire kan greie seg sjølv. Vi skal vere best på kundeservice og kvalitet, og vi kan berre overleve om vi er synlege og har nøgde kundar, seier sjukepleiar Ingeborg Ødven, ansvarleg for Velferdsbutikken.no.